Du er her

Med Kristus til jordens ender: Festskrift til Tormod Engelsviken

Forfatter(e): 
Kjell Olav Sannes (ansv.), Egil Grandhagen, Terje Hegertun, Knud Jørgensen, Kristin Norseth, Rolv Olsen
Utgivelsesår: 
2008
ISBN: 
978-82-519-2334-7

 Anmeldt av Aasulv Lande
I vaskesetelen på festskriftet les ein følgjande samandrag av profilen i skriftet: ”Festskriftet tar opp emner som er sentrale i Tormod Engelsvikens egen teologi og tjeneste, og som er viktige for all kristen misjon. Det er bidrag til misjonshistorien i Etiopia, Kina, Latvia og Norge og drøftelse av misjonsteologiske emner som forholdet mellom kristen tro og andre religioner, kontekstualisering og økumenikk. Andre artikler tar opp synet på den Hellige Ånds gave og på karismatiske erfaringer, disippelskap, sjelesorg i en annen kultur og lidelsens glede hos kristne som er fengslet for sin kristne tro.”

Redaktørane strekar under at forfattarane er fagfolk på sine respektive område. Alle tilhøyrer kristne tradisjonar, men redaksjonen held fram at festskriftet representerer eit geografisk og konfesjonelt mangfald. Redaksjonsnemnda (Kjell Olav Sannes, Knud Jørgensen, Egil Grandhagen, Kristin Norseth, Terje Hegertun og Rolv Olsen) har bakgrunn frå Menighetsfakultetet og norske misjonsorganisasjonar. Pinserørsla, Misjonssambandet og Norsk Misjonsselskap er alle synlege i redaksjonsnemnda. Nemnda står ikkje for ein og same teologien.  Men tyngdepunktet er evangelikalt. Den teologiske spenninga som finst i redaksjonsnemnda knytter seg hovudsakeleg til karismatikken.

Kolleger, medarbeidarar og venner står bak heidersskriftet. Redaktørane  har eit nært og positivt forhold til heiderspersonen og hans teologi. Dessutan fungerer dei som eit praktisk, Oslo-basert arbeidsfellesskap.  

I føreordet teiknar bokredaktøren eit bilde av heiderspersonen som ein utovervend misjonær. Deretter følgjer 7 helsingar (15 sider), 12 artiklar om  misjonsvitskap, økumenikk og karismatikk (132 sider) og 13 artiklar om kyrkje og misjon i Afrika, Asia og Europa (85 sider). Afrika-avsnittet utgjer femti sider av dei åttifem  som er avsette til regional behandling av kyrkje og misjon. Avslutningsvis følgjer ein omfattande bibliografi (23 sider), liste over brukt litteratur og Tabula gratulatoria.

 
 Missiologiske perspektiv

I denne bokmeldinga legg eg hovudvekta på den missiologi som skriftet målber i avsnittet Misjonsvitenskap, økumenikk og karismatikk. Eg kallar heile dette avsnittet missiologisk. I dette avsnittet kjem misjonsdebatten best til uttrykk. Da forholdet til pluralismen kan sjåast som missiologiens hovud problem i dag fokuserer eg på dette. Med andre ord: Korleis behandlar festskriftet pluralismen?  

Mange av forfattarane har langt på veg ”kjøpt” eit pluralistisk perspektiv på misjonen. Tydelegast i så måte er metodisten Roar G Fotland. Artikkelen hans ”The Holy Spirit of Grace: Prevenient Grace as God’s Missional Presence in the World”løfter fram begrepet ”prevenient grace”. Fotland balanserer dette mellom to perspektiv. Eitt perspektiv er uttrykt i det pluralistisk orienterte sitatet frå Cardoza-Orlandi ”Mission is the participation of the people of God in in God’s action in the world.”Det andre er henta frå normativ metodistisk dogmatikk:”United Methodists profess the historic Christian faith in God, incarnate in Jeus Christ for our salvation and ever at work in human history in the Holy Spirit” (s 147). Guds førekommande (prevenient) nåde er universell i følgje Fotland: Gud arbeider over alt i verdshistoria gjennom sin førekommande nåde. Denne altomfattande og grenselause nåden dekker menneskets situasjonar og velferd både i denne og den kommande verda. Men gjennom den Heilage Ande og kyrkja inkluderer denne nåden ein invitasjon til livsfellesskap med Jesus Kristus.
 

Knud Jørgensen skriv ikkje om universell, guddommeleg nåde i artikkelen om ”Mission in the postmodern Society”. Heller enn ein inter-religiøs pluralisme opererer han med ein interkulturelt betinga pluralisme: Det er ei stor misjonsutfordring for Vestens folk ”to rediscover the gospel apart from Christendom”(s 121). Dette handlar ikkje for Knud Jørgensen om å oppdage evangeliet i ikkje-kristne religionar eller kulturar. Det er derimot eit kall til å lytte på kristne utanfor den tradisjonelt kristne Vesten. Jørgensen etterlyser ”disestablishment of state church thinking” som inneber ”that we learn from Christians in other parts of the world, who for centuries have lived out their faith as a minority faith and often in a context where another religion was ’the state church’”. Dialogen med ikkje-kristne religionar er av høg verdi: ”We need missionaries as bridge persons, culture mediators … mediators between Christianity and Non-Christian religions – religious pluralism will perhaps be the most critical issue in the 21st century.”(s 122)  Jørgensen ser såleis den mangreligiøse utfordring for kristne i Vesten som eit kall til dialog. I denne har kristne kyrkjers historiske livserfaringar i den mangreligøse konteksten ein primær og viktig funksjon.
 

Hovudtyngda av bidragsytarane i missiologi-delen av festskriftet har ein evangelikal identitet.  Den eksklusive kristendomstolkinga (Frelse berre gjennom omvending og tru på den kyrkjelege/bibelske Jesus) er såleis ein grunnleggande premiss. Når professor A. Scott Moreau ved Wheaton College presenterer evangeliske modellar for kontekstualisering i ulike kulturar hevdar han såleis at misjonens ytterste mål er ”to bring people in that culture to saving knowledge of Jesus Christ”. Den eksklusive dimensjonen i evangelikalismen dominerer likevel ikkje fullstendig. Professor Charles H.Kraft ved Fuller Seminary betonar såleis inkarnasjonen i sitt personleg farga bidrag, og ligg nær opptil Fotlands synspunkt.  Koreanaren Wonsuk Ma har doktorert ved Fuller og er nåverande direktør ved Oxford  Centre for Mission Studies. Dr. Wonsuk Ma har pentekostal bakgrunn og lang røynsle som missiolog i Aust-Asia. Han betonar skapartanken i sin missiologi og påpeikar faren for triumfalisme i pentekostal misjon. Skapartanken kjem også tydeleg fram i Thor Strandenæs’artikkel om ”Bordbønnen som motivasjon for kristen diakoni”. Begge desse artiklane går såleis utover den eksklusive tenking som særmerker mykje evangelikalisme.  Tre artiklar i det missiologiske avsnittet gir uttrykk for ei økumenisk orientering som også sprenger eit snevert, eksklusivt grunnsyn. Katolske Kilian McDonnel er leiar av det økumeniske og kulturelle forskingssentret i Collegeville, Minnesota. Han skriv om ”Baptism in the Holy Spirit, Exorcism, Religious Experience”. Rolv Olsens ”Edinburgh 1910-2010: Nostalgisk feiring eller profetisk vekkerrop?” og Terje Hegertuns artikkel ”Pinsebevegelse og økumenikk”målber også det plurale kyrkjeperspektivet. Bidraga frå to tilsette ved Menighetsfakultetet er imidlertid nøytrale til spørsmål om eksklusiv eller pluralistisk missiologi.  Førsteamanuensis Kristin Norseth fokuserer på kvinners historiske rolle i Norsk Misjonsselskap i kapitlet ”Kvinner på misjonsmarken”, medan nytestamentleg professor Hans Kvalbein skriv om ”Conversion and Discipleship in the Synoptic Gospels”.  

Alt i alt representerer såleis den missiologiske seksjonen av artiklar ein evangelikal, kristosentrisk grunntone med pluralistiske åpningar. Pluralismen i festskriftets missiologiske seksjon  handlar primært om kristen konfesjonell pluralisme. Tanken om ei frelsande gudsåpenbaring utanfor kyrkja er likevel ikkje eit anathema; fleire artiklar åpnar varsamt ei dør mot universell forståing av Guds frelsande nåde.    
 

 Regionale perspektiv

I det regionale avsnittet har som nemnt kapitla om kyrkje og misjon i Afrika størst plass. Dei afrikanske perspektiva spenner over Bibel-, sjelesorg-, sosialetikk-, karismatikk- og kyrkjevekst-perspektiv. Det ligg betydeleg kunnskap om afrikansk kristendom og samfunn bak desse artiklane som har ein klart deskriptiv karakter.

 Avsnitt om kyrkje og misjon i Asia inneheld eit sterkt innslag av dialog-problematikk. Forutan eit studium av den pavelege utsendingen til Mongolia, Johannes av Plano Carpini, omfattar avsnittet tre teologisk analytiske kapitel om religionsmøtet. Desse omfattar møtet mellom kristendom og buddhisme, etiske utfordringar frå konfutsiansk hald og dialog med islam om fridom og demokrati. 
 

To av dei fire artiklane i sluttavsnittet  kyrkje og misjon i Europa beskriv sider av den austeuropeiske kommunistiske problematikken; ein handlar om kristne fangars erfaringar i romanske fengsel, ein annan om luthersk nyoppdaging av misjon i postkommunistiske Latvia. Ein religionssosiologisk artikkel tar for seg nyreligiøs problematikk i dagens Nord-Europa, medan den fjerde artikkelen i avsnittet reflekterer over misjonens plass i eit nytt, åpent kyrkjebegrep: ”a fluctuating Church focusing on Christ in us.”

  Tormod Engelsviken: misjonstenking og praksis

Det missiologiske hovudavsnittet og dei regionale perspektiva presenterer ein kontekst for hovudpersonens tenking og aktivitet. Engelsvikens eigen teologi og verksemd er dels belyst gjennom dei sju helsingane, dels gjennom bibliografien over Engelsvikens litterære produksjon; men tydelegast i ein vurderande artikkel. Denne artikkelen er skriven av Engelsvikens mangeårige kollega ved Misjonshøgskolen i Stavanger, professor Jan-Martin Berentsen. Han skriv kapitlet ”Tormod Engelsviken som misjonsviter”. Med rette observerer han at ”Vår jubilant er en usedvanlig interessant person. Ikke mange teologiske lærere i vårt land presenterer en så spennende CV som Tormod Engelsviken; Fra ung misjonær i  Etiopia utsendt av Norsk Luthersk Misjonssamband til leder av Mellomkirkelig Råd for Den norske kirke og medlem av Kirkenes Verdensråds Kommisjon for Verdensmisjon og Evangelisering – med en Phd om norsk karismatikk ervervet ved en romersk katolsk institusjon på veien.”

 Berentsen peikar på at Engelsviken er ein ”engasjert” og ein ”orientert” misjonsvitar. Han har late seg engasjere i ei rad organisasjonar  nasjonalt og internasjonalt. Jamvel om han kjem frå det Berentsen kallar ”en smal, homogen, sosial og kirkelig kontekst som den norske, tok … fredrikstadgutten Tormod Engelsviken … tidlig sjansen på å la seg eksponere for nye, kulturelle og teologiske miljøer. Det vitner om  nysgjerrighet. Det krever selvstendighet og mot”. Berentsen påpeikar også at Engelsviken har makta å orientere seg i korrespondanse med ikkje-teologiske fag, særleg innafor religions- og samfunnvitskap. 
 

Engelsvikens interesse for den karismatiske rørsla blir behørig kommentert av Jan-Martin Berentsen. Han nemner den omfangsrike avhandlinga frå 1981 om karismatikkens historiske utvikling og bibelteologiske bakgrunn: The Gift of the Spirit.  Saman med andre arbeid er denne avhandlinga ein grunnpillar i Engelsvikens missiologiske konsept. Engelsviken forsvarte åndsutdriving (exorsisme) i etiopisk kontekst. I ein artikkel frå 1976 hevdar han at ”den åndsutdrivertjeneste som finner sted i Etiopia idag har sin klare parallell i Jesu og apostlenes virke. … Dette rettferdiggjør den åndsutdrivelse slik det praktiseres i Etiopia, som en bibelsk tjeneste som hører til kirkens oppdrag.”Berentsen strekar også under Engelsvikens forsking i misjonshistorie og misjonsteologi. Innanfor den interne evangelikale diskusjon om sosialetikkens sosiale relevans nemner Berentsen Engelsvikens sosialetiske perspektiv, med kritisk brodd mot triumfalistiske drag i visse evangelikale teologiar.
 

 Konklusjon om kontekst og hovudperson

Etter mitt inntrykk teiknar festskriftet hovudpersonen i ein dels kulturell og dels ekklesiastisk, plural kontekst. Linene til ein teologisk kontekst av karismatikk, kontekstualisering og ekumenikk gir seg naturleg ut frå Engelsvikens interesseområde. Dei regionale sambandslinene til afrikansk kyrkje og misjon, til asiatisk spiritualitet og til europeisk postmodernitet og postkommunisme gir også fruktbare perspektiv. Ei innvending  mot festskriftets val av kontekster at hovudpersonens einsidige plassering blant likesinna teologar. I Engelsvikens tilfelle ville etter mitt skjøn personar med meir avvikande teologiske eller ideologiske standpunkt kunna gi interessante og relevante bidrag. Særleg saknast relasjonen til ein markert pluralistisk religionsteologisk argumentasjon. 
 

Festskriftet tolkar Engelsviken (i helsingar og hos Jan Martin Berentsen) med vekt på det mangsidige. Han har opplevd mykje, han har jobba med ulike saker og han har brote med ein stereotyp norsk eksklusivisme. Etter mitt skjøn er ingenting av dette feil. Sjølv skulle eg likevel ha ønskt ei meir samanhalden tolking av Engelsvikens hovudfokus: Det karismatiske perspektivet. For meg er karismatikaren og den karismatiske tenkaren Engelsviken mest teologisk interessant. Trass i sitt evangelikale utgangspunkt kan Engelsviken til tider verke spennande pluralistisk og postmoderne. Men det er ingen relativistisk pluralisme.  Eg førestiller meg at hans karismatiske grunnposisjonar leier fram mot ein pnevmatisk pluralisme. Anden – åndskrafta - skaper både økumenisk motivering og åpenheit mot kulturelt mangfald. Eg har ein mistanke om at Engelsviken er meir religionsteologisk åpen enn det festskriftet får fram. Den Heilage Ande overskrid teologiske definisjonar. Andens åpne karakter styrer karismatikkens vesen mot pluralitet. Med å legge Engelsvikens karismatiske perspektiv til grunn førestiller eg meg at vi betre hadde forstått dynamikken hos fredrikstadmisjonæren og missiologen Engelsviken. Eg førestiller meg også  at dette perspektivet vil syne Engelsvikens kapasitet for ein overraskande, teologisk åpen postmodernitet.        

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer