Du er her

Bible in Mission

Forfatter(e): 
Pauline Hoggarth, Fergus Macdonald, Bill Mitchell, Knud Jørgensen (red)
Utgivelsesår: 
2013
ISBN: 
978-1-908355-42-3

Bokmelding skrevet av Kjetil Aano.

Ei kjærleikserklæring
Edinburgh-2010 har tatt mål av seg å etterlata seg ei like viktig skriftserie som det opphavelege Edinburgh-møtet  100 år tidlegare gjorde. Gjennom skriftserien som denne boka er ein del av, står ein i fare for å nå dette målet.
Knud Jørgensen er saman med Kirsteen Kim, Wonsuk Ma og Tony Gray redaktørar for heile serien. Denne boka er enkelt sagt ei kjærleikserklæring til Biblen som den kristne grunnteksten og som den kristne kyrkjas felles basis. Samtidig er nettopp Bibelen som Guds kjærleiksbrev, eller «love affair» med menneska og sitt skaparverk noe som går igjen i artiklane som utgjer boka.
Boka startar med ein introduksjon på tre kapitlar og sluttar med eit oppsummerande kapittel ved hovudredaktør Jørgensen. Hovudtyngda blir utgjort av to hovudbolkar. Først åtte kapittel om korleis Bibelen - som ein del av kyrkjas misjon  - møter verdas mangfald, og ulike kyrkjelege tradisjonar og utfordringar. Dernest følger ei rekke case-studier frå heile verda.
Innleiingsvis plasserer redaksjonen boka i serien, og peiker på den nære samanhengen det er mellom misjon og bibel. Dernest følger innleiingskapittel om bibelforståing og –tolking. Ole Christian Kvarme skriv først ei lesverdig og pedagogsk god innleiing om Bibelen som Guds bok, menneskas bok, eit folks bok og livets bok. Han peiker på kor lett det er å gå seg vill når ein gløymer eit av desse perpektiva, og peiker på korleis Gud som skapar har vore overskygga av Guds om frelsar i store delar av misjonshistoria. Deretter følger eit like lesverdig kapittel om det hermenevtisk tilhøvet mellom bibel og misjon. Her peiker forfatttaren Tim Carriker på korleis misjon er ein forståingsnøkkel for misjon ved å introdusera (frå Paul Riceur) eit trefaldig perspektiv på relasjonene: misjon er bak, i og framfor bibelteksten. Kapitlet forklarer kva han legg i dette.
I den første hovuddelen av boka følger så fire kapittel om misjon i dagens verd, med fokus på vestleg sekulær kultur, islam, hinduisme, og barn. Dernest følger kyrkjelege utfordringar og tolkingar: Pentekostal/evangelikal, vestleg protestantisk, ortodoks og romersk katolsk perspektiv.
Andre hovuddel er ei samling case-studier. Her er god balanse, det er vanskeleg å sjå at det er noen perspektiv som ikkje er komne med. Det er lagt sterk vekt på utfordringa som ligg i vestleg, sekulær (ungdoms)kultur. Men truleg er dette også ein av dei store utfordringane til bokas tema.
Dette er ei oppkomme av refleksjonar, kunnskap og forteljingar. I første hovuddel merkte eg meg spesielt Michael Kisskalts kapittel: Biblical hermemeutics in Mission, der han spør kva slags teologi vi har lov til å utvikla. Han argumenterer for ein u-hierarkisk modell, som han utviklar i dialog med katolikken Steven Bevans, og med eit sideblikk til det han kallar verknadshistoria.
Fleire av case-studiene var også spennande lesing, t.d. kapitlet om korleis Bibelselskapet i Afrika har utvikla ein metodikk med å bruka bibelforteljngar i møte med HIV/AIDS. Bak dette står Konstanse Raen, og det viser seg svært verksamt.
Også kapitlet om korleis møtet med Bibelen skaper ny musikk og song blant Miao-folket i Yunnan i Kina, er flott. David Spring og Sue Coyne får fram kor framand den bibelske verda kan vera for vestleg ungdom og peikar på vegar fram for å overvinna dette. Det gjer også Adrian Blenkinsop og Naomi Swindon, som fortel med begeisting korleis bibelske forteljingar ennå kan fenga menneske. Slik får dei fram kor viktig forteljar-elementet er i all bibelformidling.
Eit for meg nytt perspektiv på Bibelen opna Paul Soukop opp, ved å setja Bibelen i eit medie-økologisk lys. På same måten som alt anna blir påverka av det som omgir det, blir også Bibelen det, og formidling av Bibelens innahld blir det.
Det er naturleg at i ei bok som dette vil kvaliteten variera kapitla imellom. Det gjer ikkje noe. Dersom boka skal lesast i samanheng kan det vera ei utfordring at variasjonene i tema til dels blir stor – og til dels overlappar kvarandre. Men boka er ikkje primært meint å skulle slukast i eitt drag. Som kjelde døme ein kan henta kunnskap, innsikt og gode døme frå, som ressurs til vidare arbeid med misjon og med bibelformidling inn i den delen av Guds verd vi faktisk høyrer til i, er dette verdfullt. I sitt avslutningkapittel framhever Knud Jørgensen fire perspektiv som summerer opp mye av innhaldet i det konglomeratet av stoff vi blir presentert for: Bibelen er ein symfoni av røyster, men med samklang i all si mangfald. Tolking og arbeid med tolking, foramfor, i og bak teksten, er ufråkomeleg. Bibelen har eit sterkt mot-makt-perspektiv som ein ikkje kan sjå bort frå: Barn og ungdom kvinner og makteslause står i ei særstilling. Og til slutt: Bibelen er ei bok som les meg.
Her er mye å henta for alle som arbeider med misjon i åra framover.

Bokmeldingen er publisert i Norsk Tidsskrift for Misjonsvitenskap 69 (3-4), s. 257-259

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer